Det er no i gang eit arbeid med ei bok om Kvinnheradsband innan sjangeren pop og rock. Lars Jostein Rørvik lagar ein oversikt over alle band som har vore aktive i Kvinnherad frå 1965 og framover, samt ei liste over dei som har vore medlemmer i desse banda. Han er derfor interessert i informasjon som kan vera interessant å ta med i boka. Alle slags bilete, både frå opptredenar, reiser og øvingar, kan vera interessante.
Alle som har noko å dela, blir bedne om ta kontakt med initiativtakar og skribent Lars Jostein Rørvik.

Uskedalen har vel ikkje hatt så rik pop og rockhistorie. Då uskedalen.no sjekka arkivet, fann vi berre bilete av eit band. WoX som hadde ei kort og lovande karriere over 2-3 år frå 2007, men vi kjenner til fleire band. Sjølv har eg berre høyrt om sagnomsuste Jubelgutta som var aktive om lag på den tida som denne oversikten startar, 1965.

Rundt 1970 var det Rv 13 som hadde øvingsbase i Helgheim, og som spelte til dans rundt i distriktet. Dei var samansett av Tor Eik, vokal, Britt Helen Hauan, tangentar og vokal, Svein Johannes Wang, sologitar, Trond A. Gjertsen, rytmegitar, Jan M. Gjertsen, bass og Leif Harald Myhre, slagverk. Gruppa hadde vel ei relativt kort karriere, men både Jan M. Gjertsen og Leif Harald Myhre spela seinare i fleire Kvinnheradsgrupper. Trond A. Gjertsen har vel også spela i band i Sauda.

Eg hugsar også at Kai Andre Sunde, Bjørnar Stensletten Eik, Joakim Myhre Eik og Jørn Øyrehagen Sunde var aktive i ulike band ein periode. Eg høyrde dei på opptredenar, men kjenner lite til aktiviteten deira, og kven dei spela saman med.

WoX debuterer på aktivitetsdag i Uskedalen.

Siste bandet eg kjenner til, er unggutane i WoX ssom var aktive nokre år før 2010. Dei hadde sitt utspring i kulturskulen, men i tillegg til kulturskulekonsertar hugsar eg dei frå opptredenar på Rosendal musikkfestival(bildet over frå eine året der), Aktivitetsdagar i Uskedalen og konsert i Rosendal samfunnshus der dei fekk trampeklapp. WoX bestod av Sondre Høyland Enes, sologitar, Vegard Døssland, gitar og song, Birger Bauge, bass og Knut Gilberto Sæbø på slagverk.

Dette er litt av det som har rørt seg innan pop/rock i Uskedalen, men det er heilt sikkert meir. Det vil til dømes forundra meg om ikkje den allsidige og knalldyktige gitaristen Gjermund Fredheim har spelt i band innan denne sjangeren tidlegare.

No er det viktig at alle melder frå til Lars Jostein slik at han får ein fullstendig bandbase. På nettsida https://kvinnheradband.no kan du og setja deg på epostlista og få informasjon om prosjektet framover. Du kan også gå inn og sjå alle band og artistar som er registrerte så langt.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Ola Matti Mathisen