Harald Sætre har meir informasjon om snøggbåten MIKKELINE. Kring år 2000 var båten i Svein Ivar Vinnes si eige. Det var i ein kort periode. Vinnes kom frå Fusa. Sætre veit ikkje nøyaktig kor farkosten er i dag, men rykte vil ha det til at MIKKELINE ligg uverksam ein plass på Møre. Bilete syner båten med namnet NORDIC på cartertur i Bergen.

Det var midt på 1970 talet at Harding AS bygde to 45 fots passasjerkatamaranar. Den fyrste, MIKKEL, vart levert for trafikk i Oslofjorden. Den andre, MIKKELINE, vart bygd på spekulasjon og låg lenge på Ølve før sal til Agasøster i 1984. Hans Reidar Kjærland, sals- og markedssjef frå 1982, var sentral i arbeidet med salet. Sjå tidlegare innlegg på uskedalen.no.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Harald Sætre