På medlemsmøte i Uskedal Historielag i går vart det informert om boka Den nære fotida som sel godt. Av eit opplag på 600 er om lag 350 bøker selde. I tillegg kjem bøker som er levert til bokhandelen i Rosendal og på Husnes. Skriftstyret har motteke gode tilbakemeldingar. Lesarane likar boka. Særleg måten boka er skriven på, har fått merksemd. Åslaug Snilstveit frå Salikat design var med på møte. Ho takka for oppdraget og framheva det gode samarbeidet med skriftstyret. Alt har gått etter oppsett plan med omsyn til leveringsfristar og korrektur.

Åslaug Snilstveit frå Salikat design var med på møte. Styret takka henne for godt samarbeid og framifrå arbeid med boka.

Det gode frammøte på møte i går vitnar om stor interesse for historielaget sitt arbeid. I oppsummeringa kom det fram positive kommentarar. Thor Inge Døssland informerte om innhaldet i neste bok. Mange av artiklane er alt ferdigskrivne, andre må det jobbast meir med. Nokre tema ligg på vent. Dersom du har bilete, ta kontakt.

Kristian Bringedal la fram ein plan for å utvikla organisasjonen med målsetjing, arbeidet til styret og og i arbeidsgruppene. Skriftstyre er på plass. Vidare treng laget interesserte som vil vera med på innsamling, registrering, skanning og med å utvikla arkivet fysisk og digitalt. Hans Ordin Østebø er med sin kompetanse viktig for å sikra god framdrift med systemet og det tekniske.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Thor Inge Døssland