Møyfrid Kristoffersen frå styret i Vonheim er godt nøgd med frammøte på kafeen i Vonheim i dag. Det nøyaktige talet er 32 noko som er meir enn forventa. Vonheim og skulemuseet var ope for alle som ville sjå innom. Mange sette pris på tiltaket og for nokre var det ei ny og uventa oppleving. Plassen er fint rydda og begge husa treng merksemd og bør brukast meir i tida framover. Møyfrid ynskjer at kommunen syner meir ansvar for skulemuseet. Nokre parkbenker ville gjort det meir attraktivt der gjester kunne stoppa og slappa av i det vakre kulturlandskapet på Haugland. Bilete: Familien Korsvold sykla til Haugland i dag for å gå på kafe i forsamlingshuset Vonheim.

Torunn Kjærland t.h. ( f. Haugland 1929 ) sat på pulten sin frå den tida ho var elev på Haugland skule.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal