No må alle, som er medlem i Uskedal ungdomslag, sjekka e-posten sin om dei har fått faktura på 2023 kontingenten. Anita Enæs, styreleiar, fortel til uskedalen.no at ein prøver noko nytt i år, nemleg å senda faktura rett i frå Hypersysprogammet til Noregs Ungdomslag. Det ser ut til å ha gått greit, men forfallsdatoen vart i kortaste laget. Alle kan sjå vekk frå forfall 24.01. Nytt forfall er 08.02 . Dersom det er nokon som ikkje har motteke faktura, som meiner dei skulle hatt, ta kontakt med styret. Meir informasjon finn du under fana “Filer” på Facebooksida til ungdomslaget. Som medlem får du fordeler ved leige av Helgheim og Fjelly og div. arrangement i regi av ungdomslaget.

Dersom du er medlem i Uskedal ungdomslag, får du ei rimelge leige av lagshytta Fjelly.
Tekst: Styret
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal