Ingar Brathseth-Kiplesund kvalifiserte seg til finalen på Olympiastadion i München.

Mormor Margot Haugland og resten av slekta, både i Uskedalen og elles, sit nok ekstra spente framfor TV-skjermen frå kl. 20.27 i kveld. Då startar nemleg finalen i lengde i EM, og dotterson til Margot, Ingar Bratseth-Kiplesund, kvalifiserte seg til finalen under kvalifiseringa mandag. Ingar starta med to døde hopp, men i tredje og siste hoppet landa han på 7.74 m, og dermed var plassen blant dei 12 i EM-finalen sikra.
Norge har også Henrik Flåtnes med i finalen. Han klarte 7.79 i sistehoppet i kvalifiseringa.
Ingar Brathseth-Kiplesund er norsk rekordhaldar med 8.10 m i øvinga. Han sette rekorden i 2019 då han slo Kristen Fløgstad sin rekordgamle rekord som hadde stått i utrulege 46 år. I år har Bratseth-Kiplesund hoppa 7.87 m.
På bildet ser vi Ingar saman med foreldra og mormora under eit ferieopphald på Haugland for om lag 5 år sidan.

Vi kan trygt seia at 25-åringen kjem frå ein friidrettsfamilie på Haugland. Mora Hildegunn hadde to onklar, Sigurd og Lars Magne Haugland, som var blant dei fremste friidrettsutøvarane i Sunnhordland tidleg på 1960-talet. Lars Magne presterte mellom anna særdeles sterke 11,2 på 100 m på grusen i Haugesund.
Ingar har også ein tremenning som er eit stort friidrettstalent. Synne Eikeland, barnebarn av Leif og Inger Haugland, frå Sandnes har dei siste åra markert seg godt, særleg på 400 m hekk, under NM for seniorar trass i at ho framleis er svært ung.
Sidan vi er inne på slekt. Mange har sikkert fått med seg at Ingar dei siste åra har fått Bratseth med i namnet sitt. Det kom då han gifta seg med dotter til Rune Bratseth, ein av våre mest markante fotballspelarar gjennom tidene, med stor karriere både som landslagskaptein, i Rosenborg og frå lysande proffkarriere i Werder Bremen.

Det skjer altså på NRK 1 frå kl. 20.27 og utover i kveld. Det kan bli ein spennande kveld, for det er fleire gode norske utøvarar i aksjon.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland