Harald Nilsen Tangen og Viking er for tida på ein 14 dagars treningsleir i Portland i USA. På treningsleiren har dei spela tre kampar i ei fotballturnering som dei mørkeblå frå Stavanger vann. Dei møtte MLS-laga Portland Timbers, Real Salt Lake og Minnesota United. Viking vann mot dei to førstnemnde laga og spela uavgjort 2 – 2 mot Minnesota United. Harald Nilsen Tangen opplevde å ha slekt, som bur i Seattle, på tribunen. Det var etterkommarar etter Maren f. Myklebust, søster til Hjørdis Nilsen Holgersen som er bestemor til Harald. Vi ser dei tre, Trygve, Tove Marie og Åsta, på bildet over.

Det var ei kjekk oppleving for Åsta, Trygve og Tove Marie å sjå slektingen Harald Nilsen Tangen spela kamp på amerikansk jord.

Viking og Harald Nilsen Tangen går ein spennande sesong i møte etter den strålande fjorårssesongen som resulterte i bronseplass i eliteserien. Trass i at det er beinhard konkurranse om plassene på førsteellevaren, teiknar alt no for at talentfulle Harald sikrar seg plass på midtbanen dersom han held seg skadefri, truleg saman med nysigneringa Markus Solbakken og Kristoffer Løkberg.

Det blir rapportert om at ungguten med med farsgener frå Sanden og Uskedalen har hatt ein god treningsvinter sjølv om han var innom kyssesyke i slutten av fjorårssesongen, og at han fekk utsett resisa til treningsleiren i USA litt pga positiv covid-test.
Viking har tidlegare i vinter vore på treningsleir i Marbella. Første obligatoriske kamp for Viking blir cup-kampen mot Kongsvinger 12.mars.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Privat