I dag har den aktive veterangjengen i musikklaget vore på Rosendalstunet og halde sin årvisse julekonsert der. Etter to år med utekonsertar, var det godt å få vera innandørs i år. Også i år var det utfordring, men slikt løyser alltid denne gjengen på beste måte. I eit slikt band er alle musikarar sentrale, og i dag hadde to av dei forfall av helsemessige årsaker. Dette gjekk likevel flott, og det oppsette programmet ble gjennomført nærast til punkt og prikke!
Sjølvsagt var det julemusikk som stod på det om lag halvtimes programmet. For første gong framførte bandet Bjørn Eidsvåg sin nydelege julesong “I ein natt” som dei fekk notearrangement tilsendt frå Bjørn Aakre i Trondheim på i sist veke. Nemnast må det også at dei framførte Trygve Hoff sin nydelege “Nordnorsk julesalme” der Knut Steinsletten kom godt frå oppgåva som solist på trombone. Høgdepunktet var nok likevel då dei spela fanfare til Einar Stensletten som fylte 90 år i dag.
På bildet ser vi dei tre barndomskammeratane Bjørgulv Eik (f.v.), Alfred Eik og jubilanten Einar Stensletten.

Veteranane i Uskedal Musikklag spelar på Rosendaltunet fleire gonger kvart år. Før jul stiller dei alltid med julemusikk.

Barndomskameraten Bjørgulv Eik bar fram helsing til jubilanten, og henta fram barndomsminne. Han fortalde m.a. om då dei to var i sitt første bryllup i 1938. Bryllupet var på Kapteinsgarden, og bruda var Gerd Schneider. Ho hadde veldig stort brudeslør, og 6 år gamle Einar fekk æra å bera sløret. I dansen trødde brura av ein bite av sløret, og denne delen sikra den andre 6 åringen seg. Bjørgulv trur kanskje at biten av brudesløret kan vera ein plass i huset heime framleis, men er ikkje sikker. Han hugsa også at brudgommen som var tysk heldt tale, men dei to 6 åringane forstod ikkje ein kvekk av det han sa.
Elles var Bjørgulv sjølvsagt innom andre sider ved kameratskapet, m.a. livet i Gutteklubben Gordon som det er skrive om i første boka til Uskedal Historielag. Ein tredje kar frå venneflokken og gutteklubben, Alfred Eik, var også på plass.

Elles snakka Bjørgulv også til bebuarane og personalet der han understreka kor kjekt det var å komma på Rosendalstunet og spela. Rapportane som underteikna har fått frå andre musikarar, understrekar det same. Som alltid blei dei godt mottekne på Rosendalstunet, og etter konserten kunne musikarane kosa seg med kaffi, twist og frukt.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Foto: Ståle Eik og Kristen Tore Kristensen