For veterangjengen i musikklaget er det ein årleg tradisjon at dei har ein tur til Rosendalstunet med julemusikk like før jul. Dette er ei speling som musikarane ser fram til kvart år. I år var konserten tirsdag midt på dagen, og som i fjor måtte det føregå utandørs. Det fungerte fint, og det vart riktig koseleg julestemning då dei tilsette fyrte opp i den flunkande nye bålpanna like ved bandet.

Sjølvsagt var det julemusikk som stod på programmet, men før dei to siste nummera, “Det lyser i stille grender” og Deilig er jorden”, var det eit spesielt innslag. Det var tileigna Alfred Eik som no nærmar seg 90 og bur i leilighet på Rosendalstunet. Korpset framførte nokre vers av songen “Eikedalen” med tekst av Engel Stensletten. Teksten er derfor frå eit område som Alfred Eik kjenner godt frå yngre år. Kanskje han til og med henta juletre i Eikedalen?
Korpset fekk denne songen arrangert for bandet av Bjørn Aakre for eit par år sidan. I dag framførte dei første verset instrumentalt, medan trombonistane spela og resten song eit par vers deretter. Det høyrer med til historia at tekstforfattar Engel Stensletten var bestemor til “kapellmeister” i bandet Knut Steinsletten og Elisabeth S. Mehl som tok mot musikarane som tilsett på Rosendalstunet.

På grunn av at det var såpass kaldt, var det mange som måtte høyra musikken innanfrå. Men tilbakemeldingane var at dei høyrde det godt, og dei sette stor pris på musikken. Fleire uskedelingar høyrde på konserten, og mellom dei var tidlegare formann og althornist/barytonist i Uskedal musikklag Harald Snilstveit.

Etter konserten blei det ei koseleg stund for musikarane rundt bålpanna då tilsette ved Rosendalstunet serverte kaffi og peparkaker.

Etter konserten smakte det godt med kaffi og peparkaker. Elisabeth S. Mehl frå Rosendalstunet heilt til høgre.

Med denne konserten er det berre ei speling igjen for veterangjengen før jul. Vesle julaftan skal dei etter planen spela i sentrum ved Gamleskulen kl.16.

Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Kaja Døssland og Thor Inge Døssland