Maylinn Ekeland tek til i 100 % stilling på Zjakk frisørsalong frå måndag i neste veke. Maylinn frå Valen er 32 år og har vore i bransjen i mange år, mellom anna på Trend. Læretida si og fagprøven har ho frå Karma frisør på Halsnøy. Maylinn ser fram til å arbeida på Zjakk i Uskedalen. Dei som går til frisør, vil ofte ha sin frisør. Difor vonar ho på å byggja seg opp ei fast kundegruppe. Trenden i frisørfaget for tida er foliestriper. Det skal vera naturleg. Gutane vil ofte ha det kort på sida og litt permanent på toppen. Elles må ein frisør ta alt innan frisørfaget. Det er kunden og behovet som er det avgjerande.

Ann Chistin Huke ynskjer Maylinn Ekeland velkomen som ny frisør på Zjakk .
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal