Liv S. Eik, kasserar i Uskedal sokneråd, fekk mykje meirarbeid då ho skulle telja opp pengane som kom inn på årets Fasteasksjon. Ein teipa 100 kroner seddel gjekk ikkje gjennom teljeautomaten i den lokale banken. Ho bad om hjelp med å få veksla seddelen inn i ein ny. Banken kunne ikkje hjelpa. ” Den må de senda til Norges Bank”, var svaret. Ho gjer seg føre, legg den teipa seddelen i ein konvorlutt, skriv ein forklarande tekst og sender til Noreg sin bank, grunnlagd i 1816, og med styret og presentantskap som Regjeringa og Stortinger har peika ut. Les meir om denne spesielle hendinga.

Illustrasjonsfoto som syner korleis ein teipa 100 kroner seddel kan sjå ut.

I brevet til Norges Bank kjem det fram kva som er bakgrunnen, nemleg at kvart år går konfirmantane rundt med bøsser og samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt prosjekt Reint vatn. Det er ikkje uvanleg at sedlane er bretta og at nokre kan vera skadde i kantane. I dette tilfelle var det sett ein teip tvers over på midten.

I brevet spør Liv om hjelp og at beløpet kan overførast til soknerådet sin konto i Uskedalen. Etter kort tid kjem det overføringsbrev med tekst på engelsk. Nederst står det: Beløpet gjeder: Exchange for old banknotes ( Norges Bank ).

Med andre ord: Det skal ikkje vera enkelt. Måtte til Norges Bank med ein teipa seddel – fekk ikkje hjelp i den lokale banken – svaret frå Norges Bank kom på engelsk.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal