Styrtregn og lokalt mykje nedbør i Vest Telemark førte til flaum og store skader måndag i denne veka, mellom anna i Bø. Frøydis Gjuvsland og Finn Guddal har ferieplassen sin på Beverøya Camping. Finn var heime. Frøydis og guten fekk brått melding om å evakuera. Det var samling på Gullbring kulturhus der det var informasjon om situasjonen. Alle fekk mat og drikke. Det var mykje usikkerhet og sikkert vanskeleg å sei kor omfattande flaumen var på det tidspunktet.

Flaumem førte til evakuering og samling i kulturhuset for informasjon.

Frøydis fortel vidare til uskedalen.no at dei valde å dra til Drangedal for overnatting. Anne Guri Kildal og Alf Eidsvik, også frå Uskedalen, tok mot dei på plassen dei driv og pussar opp.

I dag i 11 tida køyrde Frøydis tilbake til Beverøya Camping. Dei kom inn på campingområde i 13 tida. Då fekk ho sjå at det ikkje var skade på installasjonen deira. Alt var tørt og fint. Mange har ei anna og langt meir trist oppleving. Mykje vatn og skit inn i hytter og vogner har ført til store skader. Dei ventar på takstfolk.

Oppryddinga langs elva er i full gang.

Veret var fint tidleg i dag. Seinare kom det torden og regn. Ein tur ned til elva, der dei badar, syner at oppryddinga er i full gang. I elva finn ein tømmerstokkar og mykje slam og skit.

Det var ikkje skade på hytta til Frøydis og Finn. Alt vart tørt og fint.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Frøydis Gjuvsalnd