Den hekkande måsen er tilbake i det same reiret, på den same plassen sin på Neset. Det er fjerde året på rad at dette skjer. Måsen kjem kring 10. – 15. mai og legg egga sine og startar ruginga på hustaket hos Birger Myklebust. Det er ikkje noko form for førebuing. Måsen finn plassen sin og hannen og hoa deler på oppgåvenen med hekking og det å finna mat.

Måsen er ikkje til noko plage for Birger. Han snakkar med måsen kvar dag og same kva Birger gjer på ved inngangspariet eller rundt huset, ligg måsen og let seg ikkje forstyrra.

I noreg finn vi 13 måseartar. Ni av dei hekkar, som til dømes hettemåse, sildemåse, gråmåse og krykkje. I reiret på Neset er det 2 – 3 egg. Hannen og hoa er like i fargen, men hannen er litt større. Begge kjønn tek del i ruginga og mating av ungane når så langt kjem.

Kvart år er det ein ein spesiell sermoni når ungane skal ut av reiret. Då fører hannen og hoa ungane bort langs taket i takrenna og let dei falla ned i ein hageplante som står på hushjørna. Vidare går turen ofte bort på Birger sin solplass, ein liten terasse med stolar og bord. Plassen vert erobra før turen går mot stranda og sjøen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal