Det er andre gongen at HV markerer Uniform på jobben dagen. Det vert gjort for å synleggjera Heimevernet sin rolle og funksjon, både militært og i det sivile samfunnet. Tor Vidar Sæle kom difor i uniform på jobben i dag. De gjer han saman med mange andre for å få fram kva HV står for og gjer for å sikra land og folk i krise og når alarmen går. Heimevernet kan dessutan i år feira at det 75 år sidan oppstarten.

Tor Vidar Sæle er områdesjef i Indre Hardanger og Kvinnherad heimevernsområde. Område omfattar kommunane Ullensvang, Kvinnherad og Etne. Den geografiske avgrensinga går frå Dyranut til Haukeli og vidare mot Ølen. Kompaniet tel 130 soldatar med innkalling og øving ein gong i året.

Ved mobilisering er Heimevernet kjapt på plass med skring av ei rekkje objekt. HV vert også brukt i mange sivile operasjonar. Tenk berre på utført grensekontroll i den tida det har vore pandemi. Soldatane vert også kalla ut ved større leiteaksjonar og rasulukker. HV med soldatar frå alle samfunnslag skal vera synleg overalt i samfunnet.

Tor Vidar Sæle har kapteinsgrad i dag. Han er fallskjermjeger og har utdanning som spesialjeger. Difor ber han vingen på uniforma si. Sæle er tildelt Forsvarsmedalejen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal