Magretha Musland (49) er markedssjef for Prøysenhuset på Ringsaker Ho tok til i jobben i november i fjor. Magretha har budd på Hedemarken i snart 20 år. No har ho ansvaret for å drift og utvikling av Prøysenhuset, eit kulturminne på nasjonalt nivå. Oppgåva vert å løfta og vidareutvikla arven etter Alf Prøysen til nye generasjonar.

Magretha Musland. markedssjef for Prøysenhuset på Ringsaker.

Magretha flytta frå Kvinnherad etter at ho var ferdig med vidaregåande på Husnes i 1996. Ho var tilbake i 1998, budde heime og jobba eit år på Valen sjukehus. Så gjekk turen til Stavanger for utdanning.

Margretha Musland har ei solid utdannig med bachelor i markedsføring og leiing frå BI i Stavanger. I 2024 vart det fullført Master of Management ved Handelshøgskulen BI i Oslo. Ho fullførte masteren ved sida av full jobb. Seinare vart det fordjuping i digitalisering, innovasjon og forretningsmodellar, samt forretningsstrategi og økonomi.

I samtale med uskedalen.no fortel Magretha at Prøysenhuset er ein stad for mange – for barnefamiliar som vil opplevea teater og aktivitetar saman, for besteforeldre som kjenner att historia og tonen, og for alle som er glade i kultur, musikk og gode forteljingar. Samstundes er det også ein plass for dei som ønskjer ei roleg stund, med god mat og nærleik til natur og tradisjonar.

Magretha på besøk hos onkel sin, Hans Gustav Mussland.


Kort sagt: Prøysenhuset høver for alle som set pris på det ekte og nære – og som har lyst til å oppleva noko som kjennest både kjent og nytt på same tid.

Magretha vil gjerne få ei melding når kvinnheringane tek turen til Ringsaker og Prøysenhuset. Ho vil vera klar med mottaking. Alle er hjarteleg velkomne. Ekstra kjekt er det å få besøk av sambygdingar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Pressefoto/privat