Den smilande og hjelpande Marie Korsvik frå familieverksemda Ola Korsvik frå Koløyholmen i Fitjar er plass på torgplassen sin i Uskedalen i det nye året. Ho kan ikkje sei det nøyaktig, men trur det må vera om lag 35 år sidan ho kom til Uskedalen fyrste gongen. Det hadde seg slik at syskenbarnet hennar, Marit Langballe på Skorpo, ville ha poteter for vinterlagring. Ho tok opp tinging frå andre i Uskedalen. Jungeltelegrafen gjekk og dermed var det gjort. Uskedalen vart lagt inn som fast stopp med sal av mellom anna potetetr, frukt, grønnsaker og egg ein gong i månaden.

Nøgde kundar kjem att kvar månad på torgplassen ved Grano.

Uskedalen.no fekk møta Marie Korsvik i dag tidleg. Alt kl. 05.45 startar turen frå Koløyholmen. Ho er heime att i 15 tida, men då må ho klargjera bilen for ny innlasting sundag kveld. Det blir lange og arbeidskrevjande dagar, men slik er det i denne bransjen. Kvar kveld er det arbeid på lageret med pakking, sortering og veging. All frukt vert sortert for hand. Det er noko av årsaka til at dei har god kvalitet på varene.

I tillegg til Uskedalen har Korsvik torghandel i Rosendal, på Husnes, Sæbøvik og på Gjermundshamn i Kvinnherad. Dei har fast torghandel på Leirvik, men også ruter i Austevoll, Stord, Fitjar og Bømlo. I Austevoll køyrer dei på husa ein gong i veka og sel varene sine. Tendensen og utviklinga på alle desse åra er mindre sal av poteter, men meir sal av andre produkt, t.d. egg.

Som torghandlar må du vera hjelpsam og yta service.

Marie Korsvik trivst godt i Uskedalen. Ho kjenner kundane sine godt og har gode minne frå møte med uskedelingane. Som torghandlar må du vera tolmodig og yta den beste service. Då kjem kundane tilbake. Syster hennar, Wenche Tislavoll, er ordførar i i Fitjar kommune.

For dei som vil lesa meir om Marie Korsvik, finn fram Uskedalsposten jula 2015. Uskedalsposten er digitaisert og ligg på nettsida her.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal