Husnes Blandakor og Røysterett for Alle avslutta i kveld ei maratonhelg med to konsertar Mariamusikk. Konsertarenaene var Kvinnherad kyrkje i går og Valen kyrkje i kveld. Det er eit stort og omfattande samarbeidsprosjekt med mange koristar og musikarar. Arrangøren var nøgd med 60 betalande gjester laurdag og noko meir i kveld. Julekonsertar er det mange av i desember og sjølv dei ivrigaste på konsertsida må gjera eit val. I tillegg til 50 songarar var desse med : Anne Guri Frøystein (fløyte), Kristine Hestad (fløyte), Kjell Skarsfjord (cello), Christian Meaas Svendsen (kontrabass), Tiril Eirunn Einarsdotter (fele) og Elvin Ingeborgrud Berg ( slåttetromme).Prosjektansvarleg og dirigent for begge kora er Maria Malmsten.

Applaus til koret og musikarane.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Håvard Sætrevik - Grenda/ Privat