Mannskap og fabrikkarbeidarar på DS CLUPEA. 1. rekkje: Nr. 2 f.v: Svein Myklebust ( i uniform ) Nr.4: Kaptein Kråkenes. Nr 5: Martin Hauge. Nr. 7: Johannes Øye. Bak kaptein Kråkenes: Tor Kalven ( i kufta ). Til venstre og midt i bilete: Hallvard Framnes frå Førde i Sveio.

DS CLUPEA var eit nesten ferdig bygd landgangsfarty då krigen var slutt i 1945. Skipet kom til AS Stord i 1949 og vart bygd om til eit morderne fabrikkskip med sildoljemaskineri og lossekranar. Eigar var Sigfinn Bartz Johannesen saman med Staten og Sildelaget, fordelt med ein tredjedel på kvar. DS CLUPEA vart sett i drift i 1950. Mange frå Kvinnherad hadde arbeidet sitt om bord på 1950 talet fram til skipet vart seld i 1960.

Svein Myklebust frå Uskedalen var stuert. Myklebust ( f. 1901 ) var krigseglar, stuert på MS MARTIN BAKKE i Knudsen O.A.S. Han mønstra i desember 1939 og stod om bord på same skipet til avmønstring januar 1947. Skipet gjekk for det meste i troppetransporten Amerika – Europa. Etter det kom han til Bartz Johannesen som studert på CLUPEA.

Martin Hauge frå Skorpo var overstyrmann. I tida etter CLUPEA var Hauge skyssbåtførar for AS Stord Verft, på NJÅRD som mellom anna vart brukt til personaltransport og skyssing av bedriftsleiinga.

Johannes Øye frå Barmen på Snilstveitøy var 3. stymann. Bror hans, Øystein Øye, var 2. kokk. Tor Kalven, også frå Snilstveitøy, var fabrikkarbeidar.

Ove Magne Myhre fortel at far hans, Lars Myhre, var om bord i CLUPEA i ein periode. Det same var Thomas Eik.

Hallvard Framnes frå Førde i Sveio, gift med Solveig Rød, var i turka, turka fiskemjølet. Leif Magne Framnes var faktisk salonggut ombord, 15 år gamal vinteren 1959/60. Leif Magne minnest godt fyrste turen til sjøs på norskekysten med CLUPEA. Han hadde ansvaret for offisermessa der skipper, maskinsjef, overstyrmann og stuerten åt. Månadshyra for ein messegut var kr. 320,-.

Ein artig historie var at oppsop av fiskemjøl kunne brukast til gjødsel. Leif Magne fekk oppdraget med å henta fiskemjøl frå GLUPEA til onkel sin, Brigt Rød på indre Rød der Bygdetunet Rød er i dag. Mjølet vart brukt som gjødsel på eit nyplanta granfelt.

I byssegjengen med stuert Svein Myklebust finn vi Malvin Olsen frå Sunde. Det var kring 1955.

DS CLUPEA på Leirvik. Tonnasje: 5000 Tdw. Maskin: 5200 HK. Fart: 16 knop.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Sunnhordland Museum
Informantar: Olav Hauge/ Leif Magne Framnes/ Ove Magne Myhre