"Mannen med ljåen" dukka opp og rydda brotet på Stemneplassen.
Mannen med ljåen dukka opp på Stemneplassen i dag. Han hadde også med kantklyppar. Det var Geir Eidsvik som tok oppmodinga frå styret på strak arm om å klyppa og rydda det bratte brotet ned mot kommunevegen på Kjærlandsido. Geir las innlegget på uskedalen.no og tenkte at her kan eg bruka føremiddagen og gjera ein innsats for Uskedal Friluftslag. Dermed er plassen rydda og hama til Nasjonaldagen og til fine dagar seinare i sommar. Takk til Geir Eidsvik !
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal