
Mangelfull vegsikring i Leirholo på Kjærlandssido.
Uskedal utvikling v/ trafikksikringsgruppa skriv til kommunen og påpeikar manglande autovern og skada føringskant i Leirholo på Kjærlandssido. Dessutan skriv dei om kummar med betongkantar som ikkje er merka. Arbeisgruppa prøver å skapa god og sikker veg for alle både for gåande og køyrande. Ved flaum og stor elv går elva like opp i vegkanten. Dersom eit køyrety eller ein person havnar i elva, kan det få fatale fylgjer. Uskedal Utviking bed om at vegen vert sikra med nytt autovern og reperasjon av føringskanten. Brevet er underskrive av Egil Myhre. Den andre saka kjem i eige innlegg.


Tekst/foto/nett: Kristnin Bringedal