Det er travle tider hos Friheim Gardsmat øvst i dalen. Mange ønskjer nemleg å sikra seg av den gode kjøttmaten deira til jul. Pinnabogen og pinnakjøtet er for lengst oppbestilt. Der må det avbestillingar til om nokon skal ha flaks.
Men det er ingen grunn til å fortvila. Bjørg Inga, Kurt og gjengen deira har så mykje anna godt å by på. Uskedalen.no stakk oppom for å høyra litt meir om julehandelen der.
På bildet over ser vi Bjørg Inga Miljeteig på haustdagen på Vertshuset Perla i oktober. Det blir truleg ingen julemesser på Friheim Gardsmat i år.

Fristande fenalår, pinnasider, pinnabog og morrpølsa heng til tørk.

– Ja, det er travle tider. Det har det for så vidt vore i heile haust, men det toppar seg no fram mot jul, seier Bjørg Inga Miljeteig. Ho hadde tenkt seg ein tur til bygda, men tvilte på om det blei tid, for dei venta ein god del som skulle henta varer.

Ei skive med Friheims sylteflesk smakar fortreffeleg jul!

Når det gjeld pinnabog og pinnakjøt er altså alt bestilt. Mesteparten av fenalåra er også bestilt, men der er nokre få igjen så viss ein er rask i snuen, kan ein enno sikra seg prima fenalår frå Friheim.
Elles er det rift om det gode sylteflesket no til jul. Mykje går det også av dei ulike variantane av middagspølser og spekepølser. Friheimsbaconet går det også alltid mykje av. Smaksopplevingane står i kø. Ein får mykje igjen for ein mils biltur opp Uskedalen.
– Ein ting som har tatt seg veldig opp, er blodpølsa. Det er litt utruleg altså. Den er blitt veldig populær, og den går det meir og meir av, fortel Bjørg Inga. Underteikna har prøvt den og kan trygt anbefala den på det varmaste!

– Det er mest utruleg kor salget av blodpølsa har tatt seg opp!!

Noko anna som har auka veldig på, er at dei lagar pølse til andre. Kundar kjem med ferdigskore kjøt, og så lagar Friheim Gardsmat pølser til dei. Ofte er hjortekjøt ein del av kjøtet dei kjem med. Kundane kjem ikkje berre frå bygda, men frå eit stort område.
– Vi har forsyne meg laga manfoldige hundre kilo kvar veke i lenger tid. I går laga vi foreksempel 140 kilo til ein familie, seier ho, og det er ikkje det minste rart at denne intervjuaren får vatn i munnen når han høyrer om alle godsakene. Noko heng framleis til tørk, men dei er i gong med å skjera opp pinnasider og pinnabog.

Nyrøykt hjortepølse. Fristar det?? Sjølvsagt!!

På denne tida pleier det òg å vera travelt med å delta på ulike julemesser. Slik er det ikkje i år på grunn av koronaen. Enten har messene blitt avlyst (ei er framleis usikker) eller så har dei takka nei til å delta. Dei har m.a. hatt spørsmål frå Rosendal, Odda, Fjelberg og Herøysundet, ja, fleire med.
– Nei, i år blir det truleg berre den haustdagen vi var med på på Vertshuset her for ei stund sidan. Det kan bli ei messe i desember, men der har vel ikkje arrangøren bestemt om den går som planlagt enno, avsluttar Bjørg Inga.

Det er nok ikkje lurt å venta for lenge. Etter det eg forstod, kunne dei komma til å gå tome for nokre varer. Derfor kan det vera smart å ta turen, eller i alle fall ringa inn ei bestilling.

Då eg kjørte ned dalen, blei eg stoppa av ein tilreisande kar. Kva han spurde etter?? Jo, vegen til Friheim Gardsmat.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Friheim Gardsmat og Thor Inge Døssland