Heile 12 skiløparar frå Uskedalen var på Voss i helga og gjekk renn. Laurdag var det Parkrennet, eit individelt renn som erstatta Parkstafetten på grunn av lite snø. Søndag var det Vestlandsmeisterskap, og Voss idrettslag var arrangør for begge renna. Dei 12 løparane viste godt igjenn både på oppvarming og i konkurransane. Takka vere gode bidrag frå lokale sponsorer og Sparebank1 stiftinga viste dei godt igjen i flotte, like skidresser. Det gjorde det ekstra kjekt at UIL var så synleg, og dette var med og sette sitt preg på renna. På bildet over ser vi Erle Marie Korsvold i godt driv i fristil.

Viljar, Per Håkon, Anna og dei andre løparane hadde det gøy på Voss saman med Monica Hermann og resten av støtteapparatet.

Parkrennet laurdag gjekk i fristil, og søndag var det vestlandsmesterskap der det blei konkurrert i duathlon (skibyte) fra 13 år og oppover. Dei yngre gjekk klassisk.

Det var hard konkurranse, med løparar frå både Rogland, Hordaland og Sogn og Fjordane skikrets. Dei kom frå Gjesdal i sør til Stryn i nord.

Løparane frå Uskedalen gjorde ein svært god innsats, og i Vestlandsmesterskapet blei William S. Eik nr 6 og Linnea Myklebust Ripel nr 7. Svært sterke prestasjonar i renna som samla ca. 200 deltakarar. Dei som er interessert i andre resultat, kan gå inn på eqtiming.no.

Desse gjekk renn i helga. Nokre gjekk eitt av renna, medan dei fleste deltok begge dagane.

  • Linnea Myklebust Ripel
  • William Samland Eik
  • Birk, Trym og Frøy Sæle
  • Anne, Ebba, Ola og Iver Hermann-Fossli
  • Viljar Hella Berge-Soldal
  • Per Håkon og Erle Marie Korsvold

I går kveld blei skisesongen for dei flinke og aktive skiløparane med skicross i Fjellhaugen. Vi kjem tilbake til det.

Tekst: Monica Hermann/Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann/Gina Hella Berge-Soldal
Nett: Thor Inge Døssland