Det var ein jamn og god straum av hjelpande til THK-sitt nye lager på Kvinnherad Vekstbedrift då dei tok mot hjelpesendingar lørdag. Folk kom frå Halsnøy, Varaldsøy, ja, frå heile Kvinnherad. Det der tydeleg at mange ønskjer å hjelpa folket i Ukraina i den fortvila og vanskelege situasjonen dei er i.
THK-lageret vil vera ope for innsamling av hjelpesendingar frå folk kvar lørdag mellom kl.10 og 12 fram til påske. Det er meininga at det som blir samla inn, skal kjørast til Ukraina like over påske. Tormod Myklebust og Jan Erik Matre frå Skånevik blir sjåførar på den traileren.

Andrea og Alida kjøper bleier og våtserviettar i Ukraina.(Foto: THK stiftinga)

THK-stiftinga gjer no ein stor innsats for å få hjelp fram til innbyggjarane i det krigsherja landet. Og hjelpa kjem fram og er til stor nytte. Tre trailerar som gjekk frå Karmøy tirsdag var framme i går, og fordelinga av hjelpesendinga ut frå hovudlageret er alt godt i gang. Tormod Myklebust fortel at svært mange vil hjelpa, noko han er svært takksam for. Firma låner dei trailarar og sjåførarar til transport, oljefirma tar drivstoffkostnader og elles hjelper folk med ting dei treng og pengar.

Mange vil hjelpa!
Omvikdalen Bygdekvinnelag stilte med kaffi og gode kaker. Astrid Bjørnebøle Hass(f.v.), Irene Håvik, Ester Falk, Maria Eik Nygård og fleire stod for det gode tiltaket.

Lokalt i Kvinnherad fekk innsamlinga ein svært god start. Folk strøymde til med kle, madrasser, bleier, bind og andre nødvendige artiklar. Omvikdalen Bygdekvinnelag og Varaldsøy Sanitetslag hadde begge bestemt seg for å donera 5000 kr til hjelp. Bygdekvinnelaget stilte kvinnesterkt opp og sytte for rikeleg med kaffi og gode kaker til dei som møtte opp. Eit av medlemmene, Marian Thunold, hadde også sydd eit ukrainsk flagg som saman med eit banner, laga av Profilera ved Gianni Rebaudo, tok mot oss då vi svinga inn til mottakslageret. Eit solid apparat av hjelparar hjelpte til med å bera alt som blei samla inn, inn på lageret.

Gunn Mari Moberg frå Spar Uskedalen stilte med varebilen fullasta av varer. “Eigentleg burde vi gitt heile butikken!” var hennar treffande kommentar om alvoret.

Varene blir altså frakta til Ukraina over påske. Då var det planlagt ein tur til Korosten, men på grunn av krigen så blir nok ikkje turen til Korosten, men den blir til ein grenseby som heiter Uzjhorod heilt i vest mot Slovakia der THK har eit kjempemessig hjelpeapparat.
– Det kunne jo ha vore vanskeleg for meg å garantera at hjelpa kjem fram, men det kan eg faktisk, fortalde Tormod Myklebust. Han har nemleg kontakt dagleg med Sergeij som er koordinator for THK i Korosten. Medan vi var der, blei han også oppringt av Sergij som koordinerer arbeidet når hjelpa kjem fram. Han fortalde om situasjonen akkurat der og då. Det var ein samtale som gjorde sterkt inntrykk på oss som høyrde på. Den måtte avsluttast då han måtte trekka seg tilbake i sikkerhet i eit bomberom. Samtalen kan de høyra ved å klikka inn på Grenda som videofilma den.

Tormod Myklebust snakkar med Sergeij som er THK sin koordinator i Korosten. Bak han ser vi litt av berget av sekker.

Tormod retta ei stor takk til lokalavisene og uskedalen.no for god og gratis publisering som er svært viktig. Han takka og spesielt Omvikdalen Bygdekvinnelag og Varaldsøy Sanitetslag. Frå Varaldsøy Sanitetslag hadde dei motteke mykje etter at kommunen avslutta aktiviteten der, slik som dyner, puter og det vi kan kalla sjukehusutstyr. Svært takksam var dei også for at Profilera hadde laga banner.
– Ja, det er flott å vera vitne til den viljen som er blant folk til å hjelpa. Vi har til og med fått telefon frå USA med spørsmål om korleis dei kan hjelpa, fortalde Tormod Myklebust.

Og mulighet til å hjelpa blir det også framover. Mottakslageret på Kvinnherad Vekstbedrift blir ope kvar lørdag mellom kl.10 og 12 fram til påske. Pengegåver kan sendast til vipps 84346 og merkast flyktningehjelp.

Madrasser og sengetøy er noko av det som det er stort behov for.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland