Mange kom for å sjå bogeskyttaren Håkon Guddal Tarberg på Stemneplassen i kveld.
Friluftskonserten på Stemneplassen samla meir folk enn det som har vore vanleg dei siste åra. Noko av årsaka er truleg møte med den unge og lovande bogeskyttaren frå Uskedalen, Håkon Guddal Tarberg. Saman med Atle Helland frå Kvinnherad Bogeskyttarklubb fekk eit innsyn i det å vera bogeskyttar på nasjonalt og internasjonalt plan.

Håkon har trent systematisk i vel tre år. I dag er han mellom dei beste i landet i sin klasse. Terje Bakke, også frå Uskedalen, bur på Sunde, er trenaren hans. Terje hadde ikkje høve å vera med i kveld. Atle Helland gjekk i hans plass.
Håkon skyt anten på blink eller på dyrefigurar. I kveld vart det skote på rådyr og gaupa. Rudlen på Handeland er den faste treningsplassen deira. Nyleg vart Håkon noregsmeister i bogeskyting.
Atle Helland orienterte om bogeskytesporten. Sjølv synte han skyting med ein meir avansert boge. Skyttaren må sjølv bedømma avstanden til målet. Det er avgjerande for eit godt treff.
Vi vil koma til å sjå og høyra meir frå den unge og lovande bogeskyttaren frå Uskedalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal