Nordlyset var godt synleg i går kveld i tida fram mot midnatt. Mange fekk det med seg og har sendt bilete til redaksjonen. I dei nordlege polarstroka, stundom også på lågare beiddegrader, kan ein sjå nordlys på himmelen. Det syner seg som eit bleikt, kvitt skin som blafrar opp i fargeriker strålar. Det liknar på ein lyskastar langt borte. Årsaka er elektrisk lada partiklar som vert slengde ut frå sola. Magnetfeltet kring jorda leier partiklane mot polane. Desse partiklane får luftmolekylane i ei høgd på 100 km og meir til å lysa. Motiva på uskedalen.no er henta frå Neset og i sentrum.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kjell Yri/ Stine Clementsen