
Mange av turløypene er alt merka og dermed meir synlege.
For tre veker hadde vi eit innlegg om merka turløyper. Turgruppa i Idrettslaget ved Steinar Haugland bad om hjelp for å friska opp merkinga på turstiane til fjells. Alt no registrerer vi at arbeidet er starta og at mykje av arbeidet er gjort. Dette gjeld mellom anna desse stiane:

- Frå Halsane til Mannsvatnet
- Frå Steinaheiane til Solfjell
- Det vert arbeiddd med stien til Tverrfjell
- Stien til Geitadalstind er merka
- Det vert jobba med oppfrisking av stien til Høgetinden
- Stien til Manen er merka
- Merkinga i Eikedalen er starta
- Manglar merking til Englafjell via Såto og frå Skaret til Eikedalen
- Traseen til Skorpefjellet er merka på nytt
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal