Nynorsk poesi og jazz var det sentrale då Jazzklubben og Mållaget i samarbeid inviterte til samkome på Dønhaug. Mona Vetrhus opna kvelden med å lesa eigne tekstar frå diktboka Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld. Mona har sin oppvekst i Uskedalen. Ho har tidlegare vore programleiar i Diktafon på P2. Ho fortalde om bakgrunnen for nokre av dei sterke og gripande dikta. Arne Torget las mellom anna frå boka PUS, men teksten alle la merke til, var hyllingsdiktet Chet Baker med trompeten frå 1988.

Mona Vetrhus fortalde og las frå diktboka Nokre gutar kjem ikkje heim.

Jazzgruppa Baker Hansen framførte Chet Baker musikk med tekstar skrivne på nynorsk. Vokalisten og tekstskrivaren kjem frå Ål i Hallingdal. Han framførte eit uttal tekstar utan manus, titlar som Din ven og På vranga. Baker Hansen med oppstart i 2010, har framført 300 konsertar over heile landet.

Arne Torget las mellom anna hyllingsdiktet Chet Baker med trompeten.

Lydmannen Storegjerde hadde full kontroll. Trompeten og slagverket var akustisk, resten var forsiktig mikka opp. Vi merka oss særleg det gode samspelet mellom bassisten og trommisen.

Med i jazzgruppa Baker Hansen er:

  • Sigmund Tunestveit – vokal og tekstskrivar
  • Erling Skorpen – trompet
  • Kjetil Jerva – piano
  • Stian Andersen – bass
  • Tore Flatjord – perkusjon

Samarbeidet mellom Jazzklubben og Mållaget bør halda fram, til dømes med ein felles jazz- og målkveld i året. Dønhaugkjedlaren er som skapt for desse arrangementa.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal