Målquiz og jazz samla mykje folk i Dønhaugkjedlaren i går kveld. Mållaget og Jazzklubben er godt nøgde med tilskipinga og etter det som vart sagt, vil truleg samarbeidet halda fram ved eit anna høve. Alt kl. 19.00 var eit 30 tals menneske på plass til spørjetevlinga leia av nestleiar i Mållaget, Øystein Skjæveland. Spørsmåla hadde lokale tema, men nokre var henta frå kultur og målsak. Av ti lag vann ein trio av tidlegare KVV lektorar med god margin på neste lag. Premien var bøker med tema språk og målsak. Arne Torget, også han styremedlem i Kvinnherad mållag , las frå den siste boka si.

Mellom 30 og 40 frammøtte til Quiz vart delte inn i ti lag.

Neste bolk i programmet var konsert med den danske kvartetten KIRA MARTINI. Gruppa er på vestlandsturne med mellom anna stopp i Bergen, Uskedalen og Øystese. Ein fullsett kjellar fekk oppleva ein konsert med eit variert repetoar, alt frå latinamerikanske rytmar til Bob Dylon, gjennomført i to sett med ein liten pause mellom. Dønhaugkjedlaren fungerer perfekt for jazzkonsertar og andre meir intime og stemningsfulle framføringar.

To lag frå Uskedalen jobbar godt med spørsmåla.

Kvinnherad mållag var rause og hadde spanderbuksa på. Alle fekk gratis pizza.

Øystein Skjæveland, nestleiar i Kvinnherad mållag, var quizmeistar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Arne Torget, også han styremedlem i mpållaget, las frå den siste boka si.