Lisbeth Stensletten og Roy Helge Døssland kjøpte og overtok bruk 9 på Myklebust for to år sidan. No er dei inne i sin andre sesong med sau og lembing i den moderne sauefjøsen på bruket. Dei har 37 lamsauer. Målet er 150 sauer om nokre år. Kvar sau får i snittet to lam, for det meste saulam. Lisbeth og Roy har både Spel og Norsk kvit sau. Han set på saulamma dersom dei er store nok. Nokre trillingar vert plukka frå som kopplam.

Uskedalen.no var innom sauefjøsen tidleg i veka. Roy er godt nøgd med kjøpet og plassen. Familien storstrivst. Døtrene Astrid ( 4 år ) og Åsta ( 6 år ) er med på det meste. I tillegg til sau er det laga til for hest, som for tida går ute på beite.

Det er vel ei veke att til lembinga er over for dette gongen. Då skal dei ut på heimebeite før det ber til fjells i juni/juli. Roy vel å dela flokken på fjellbeite. Spelsauene går på Vatnastøl og i Botnane. Norsk kvit går på fellesbeite på Bjørnebøle. Som ny eigar av bruket på Myklebust er familien medeigar i Vatnastøl Vernelag og har dermed tilgang til sela ved Vatnastølsvatnet.

Astrid på fire år er med i lembinga.

Den moderne sauefjøsen på Myklebust fungerer fint. Her er kraftforautomat. Kvar sau har ein chip i øyra som regulerer kor mykje kraftfor kvar sau skal ha. Så er det forkuttar/ utleggjar og forhekk. Roy legg foret i forhekken. Her vert det pressa saman og lagt ut i tilpassa mengder.

Åsta ( 6 år ) opplever det same som Roy gjorde i sin oppvekst.

Roy er oppvaksen med sau. I barndom og ungdom var han med på lembing og sauesankinga på hausten. Han veit det meste om sau. Slik var oppveksten. I lembinga hadde familien på Døssland eige rom i fjøsen. Her måtte alle vera med og ta ansvar.

Det var Ragnhild Tennebekk Bjørke og Olav Hjetland Bringedal som var eigarar av bruket fram til 2019. Olav dreiv stort med sau. Han bygde den nye fjøsen i 2012 og hadde om lag 220 sauer. På Bjørke på Voss har Ragnhild og Olav satsa stort på sau med ein sauefjøs som er nær på tre gonger så stor som den på Myklebust. I tillegg har dei kvote og driv med kyr.

Sau og lembing var ein del av oppveksten til Roy. Han kan det meste om sau og stortrivst med å bu på eit gardsbruk.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal