Fredag kl. 09.00 var det ofisiell opning av Kvinnherad Vekstebedrift sitt nye vaskeri. Mailinn Fonn fekk æra av i klyppa snora etter velkomsthelsing og ein kort tale. Ho har jobba på vaskeriavdelinga i over 10 år. Styreleiar Bjarte Erstad sa fram helsing til tilsette og til alle som møtte fram til markeringa. På opninga deltok firma, som har vore med i byggefasen, og kundar. Ei gruppe frå Odda Produkt, som også har eit stort vaskeri, kom til Uskedalen og var med på opninga. I eige innlegg vil uskedalen.no skriva om kva det nye vaskeriet har å sei for drifta til Kvinnherad Vekstbedrift. Bilete over syner Mailinn Fonn i det å klypper snora.

Det vart servert marisipankake, kaffi og mineralvatn til alle på opninga.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kvinnherad Vekstbedrift/ Kristian Bringedal