Magne Heggøy som eig og driv Rabben Feriesenter AS kan fortelja at sesongen er godt i gong på feriesenteret like ved elveosen i Uskedalen. Siste veka kan han fortelja at det var godt besøk av elvefiskarar, og no ventar han på fjellklatrarane. Glad er han også for at dei tyske stamgjestene endeleg er tilbake. Dei første er komne, og fleire kjem utover i juli og august. Hovudtyngda av gjestene er norske ferieturistar.

Magne Heggøy, Åsne Hjelmeland Arnesen og Celine Musland var i full sving på Rabben Feriesenter AS på søndag.

Til å driva ferisenteret har Magne Heggøy god hjelp av fem unge uskedaljenter no i sesongen. Då vi var innom søndag i middagstida var to av dei, Celine Musland og Åsne Hjelmeland Arnesen, i full gang med klargjering av hytter i samband med inn- og utsjekking av gjester. Dei to 17 åringane har sommarjobb på Rabben for første gong i år og trivest veldig godt med det. I tillegg jobbar Selma Ovidia Tarberg, Helene Myklebust og Emma M. Ripel der. Alle desse tre har erfaring frå fjorårssesongen. Magne Heggøy er svært fornøgd med dei unge medhjelparane sine:
-Dei er kjempeflinke og hyggelege, og gjer ein svært god jobb, rosar Heggøy og fortel at dei har ope 12 timar kvar dag. Opningstida er frå kl.9 til kl.21.

I tillegg til overnatting i hytter tilbyr feriesenteret både teltplasser og plasser til bubilar og campingvogner. Dessutan er det ein del campingvogneigarar som har fast plass der. Sidan det er lite samanlikningsgrunnlag på grunn av koronasituasjonen, er det varskeleg å sjå nokre tydelege forandringar, men Magne Heggøy har inntrykk av at det er fleire som har med telt på ferieturen i år.

Svært mange av gjestene er veldig fornøgde med det nye, flotte kjøkkenet som var klart til denne sesongen.
-Det er veldig mange som skryter over det, seier han.
Pergolaen som blei bygd langs adminstrasjonsbygget for eit par sesongar sidan, er og veldig populær. Der kan dei samlast og kosa seg sjølv om veret ikkje er heilt topp. Når sommarveret verkeleg er på sitt beste er promenaden ved sjøkanten like ved elveosen svært så populær.

I resepsjonen er det mange spesielt fine strikkeplagg.

Ved resepsjonen er det ein liten butikkavdeling. Der er det ikkje berre brus og is å få kjøpt! Der dominerer aldeles nydelege strikkeplagg. Veldig mykje flott.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland