Magne Huglen er fast medlem i Eldrerådet. På dei siste møta har han vore ein markert og aktiv folkevald representant. Uskedalen.no har snakka med Huglen. Han fortel at Eldrerådet prøver å ta opp saker som er viktige for eldre, både dei som bur på institusjon og for heimebuande. Kommunen er pålagd å ha eit eldreråd. Administrasjonen skal førebu og leggja fram saker. Etter vedtak vert sakene fremja i Formannskap, Kommunestyret og andre politiske råd og utval. Les meir om kva saker Eldrerådet har drøfta den siste tida.

  • Matilbod til eldre i kommunal regi. Eldrerådet bed administrasjonen laga sak på behov og praktisk gjennomføring av utkøyring av mat til heimebuande eldre. Rådet syner til Dill sitt tilbod med om lag 60 brukarar så lenge det varte.
  • Ei anna sak er PC og databruk for eldre. Med nytt utstyr og nye program slit mange med å fylgja med på den teknologise utviklinga. Mange treng støtte og hjelp, ikkje minst for å hindra svindel på nettet. Kan dei unge vera ein ressurs der eit møtest på treffpunkt i bygdene.
  • Eldrerådet vil at kommunen prøver Hent meg ordning. Det går på kommunikasjon. Odda har gjort vedtak og i samarbeid med Skyss vert det lagt til rette for ei prøveordning.
  • Ei anna viktig sak er å få fram planar for bukollektiv der eldre kan bu trygt og godt i eit sosialt fellesskap.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto