Psykiater Tone Elise G. Henriksen er neste gjest i Kvinnherad Senioruniversitet. Møtet er i Kulturhuset Husnes, Kulturskulen, torsdag 9.mars. Her er tittelen på føredraget og Tone sine ord om kva ho vil snakke om: Om lys og mørke – og korleis få betre søvn og meir energi heile livet. Forsking frå Valen Sjukehus har endra behandlinga av bipolar lidelse både i Norge og i utlandet – Psykiater og postdoktorstipendiat Tone Elise G. Henriksen, vil fortelja historia om mørkebehandling og oransje briller på Senioruniversitetet den 09. mars.


Og vil du vite meir om kva lys og mørke gjer med oss alle- og korleis vi får for lite av begge delar- så vil du bli klokare av dette foredraget. Du vil lære om dei ulike helseeffektane av lys, mørke og mørkehormonet melatonin, som vi blant anna treng for vedlikehald av kroppen nattestid. Til sist vil du få tips om korleis du med enkle grep kan få betre søvn og meir energi.

Temaet er viktig uansett alder og blir ikkje mindre viktig ettersom ein blir eldre. Etter føredraget vert det sosialt samvere og enkel servering i festsalen. Senioruniversitetet er ope for alle som har lyst og høve til å møtast om eit aktuelt emne, på ein torsdag føremiddag.


Styret i Kvinnherad Senioruniversitet v. Steinar Haugan

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal