Løveleikane har dei siste åra blitt arrangert på Husnes stadion. Det er Lions klubbene i Kvinnherad, Halsnøy, Fitjar og på Stord som står bak med friidrettsgruppe i Trio som teknisk medhjelpar. Uskedal musikklag har kvar gong spelt under opningssermonien, men i år måtte dei melda forfall. Løveleikane er idrettsleikar som løp, hopp og kast. Det er deltakarar frå Sunnhordland og nokre år også frå Bergen. Det var nokre deltakarar frå Uskedalen, mellom dei var Martin Døssland Richardsen og Svein Jarle Legland. Martin var med i løp, lengde og kule. Alle fekk pølse. Løveleikane er eit flott tiltak. Bilete på topp syner Svein Jarle Legland etter premieutdelinga.

Martin Døssland Richardsen var med både i løp, lengde og kule.

Tekst: Thor Inge Døssland/Kristian Bringedal
Foto: Hans Gustav Mussland