Det var ein fornøgd gjeng frå 5.-7. klasse som deltok på innebandykveld i aktivitethuset.

I kveld inviterte LivOGLyst til innebandykveld i aktivitetshuset, og det var godt oppmøte. Dei frammøtte blei delt i fire lag og spelte ein cup. Undervegs i økta hadde dei pause med påfyll av pizza og brus.

Deltakarane sjølve gav uttrykk for ein kjekk kveld, og det var smilande og sletne unge som gjekk frå aktivitetshuset. Dette er noko ein kan gjere fleire gonger, og styringsgruppa oppmodar føresette og andre til å ta initiativ til fleire aktivitetar.

Styringsgruppa tek i mot innspel frå alle aldrar, så her er det berre å senda inn forslag.

Foto: Therese H. Bondhus
Tekst/nett: Kari Bråtun