KOM OG SNAKK MED OSS!! På lørdag ynskjer vi alle velkomne til standen til Uskedal Ungdomslag. Hos oss får du servert lappar, kaffi og saft. Vi svarer på det du har av spørsmål om laget, Helgheim og Fjelly. Mest av alt ynskjer vi at DU som enda ikkje er medlem av laget, melder deg inn. Og vi tar i mot tips og tankar om kva DU meiner vi skal driva med i laget. Ja, for i ungdomslaget kan vi driva med nesten kva som helst av aktivitetar – så om DU har lyst å starta opp noko, kan vi hjelpa med å leggja til rette for det.

I Helgheim øver Røysterett for alle, Bingoen kjem igang igjen i haust, Siw Birgitte Solberg Vamråk startar snart nye yogatimar – og hald av 28.oktober, for då arrangerer vi Bygdafest i lag med Uskedal Helselag. Fjelly ligg nydeleg til ved Mannsvatnet, og er klar til å ta imot alle som vil leiga hytta. Kanskje nokon har ein ide om aktivitetar/arrangement vi kan nytta Fjelly og området rundt til?

Så kom innom standen vår, få deg ei lappekake og to, ein kopp kaffi eller eit glas saft og slå av ein prat med oss. Ja, og så kan du tippa kor mange twist vi har i krukka vår. Den som tippar rett, eller nærast rett, vinn ei gratis overnatting på Fjelly – og all twisten, sjølvsagt.

Tekst/foto: Uskedal ungdomslag
Nett: Kristian Bringedal