Vyrde lag, organisasjon og bedrift i Uskedalen!
Vi ynskjer med dette å invitere dykk til eit samarbeidsmøte i samband med arrangering av ein marknadsdag i Uskedalen.  Tema for møtet vil vera samarbeid og planelegging av marknadsdagen, kor dei ulike laga, organisasjonane og bedriftene i bygda vil få høve til marknadsføra seg, og gjerne laga til nokre aktivitetar knytt opp mot sitt virkefelt. 
Møtet vert tysdag 25/4 i Gamleskulen kl. 19:00. 
Vonar de har lyst til å vera med og bidra og at de har høve til å senda ein representant, og at vi kan få til eit godt samarbeidsmøte for positiv åtgaum i bygda. 

Beste helsing Styringsgruppa for LivOGLyst i Uskedalen.

Tekst/foto: Styringsgruppa
Nett: Kristian Bringedal