Ein hokatt har vore sakna ei veke. Eigar bur i Beinavikjo. Katten er ID merka. Dersom nokon ser eller veit kor katten er, ta kontakt med Janne Hjelmeland på mobil: 958 24 652. Denne teksten vart lagt ut som notis på uskedalen.no 29. mai 2018. Snart tre år etter er katten funnen og på plass i huset der eigar bur i dag.

Det var Renate Koløy i Korsneset som melde frå om at dotter hennar fann katten, tok den i hus og la ut om katten på Facebook – kjæledyr i Kvinnherad. Dotter til Janne, Malena, fekk tips om dette og at det var bilete av katten. Dermed var problemet løyst og katten kom til rettes etter å ha vore borte i nær på tre år.

Namnet på katten er Coco Chanel. Han er tynn og litt flokete i pelsen. Katten er sett på ormekur, samlar krefter og energi og er alt i betring. I huset til familien Hjelmeland er det i mellomtida komne til to nye kattar. Coco Chanel har vanskar med å tilpassa seg det nye miljøet. Difor går dei ut og spør om det er nokon som vil overta katten. Interesserte har alt meldt seg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Janne Hjelmeland
Kjelde: Kvinnheringen