Det er registrert ein liten auke i folketalet i Uskedalen, frå 1030 i 2024 til 1033 i 2025. Sidan år 2000 har folketalet auka med 61 personar. Frå 2010 og fram til i dag syner statisikken ein nedgang på 8 innbyggjarar. Uskedalen er framleis ei bygd med eit folketal over 1000 innbyggjarar. Før oss på lista er Husnes, Valen, Sunde og Rosendal. Totalt har innbyggjartalet i Kvinnherad auka med 88 personar det siste året, til no 13162.

Tekst/ nett: Kristian Bringedal
Foto: Drone - Hans Ordin Østebø
Kjelde: Morten Nygård - Grenda