Listerskøyta RUTH til kai i Beinavikjo - minna oss om tida då det var drift på Hermetikkfabrikken.
MS RUTH kom oppom Beinavikjo i dag i 11 tida på seglas frå Rosendal til Sunde. Skipper var Hallvard Hammerø, som saman med bror sin, Edvin Hammerø, står bak Opsangervågen Kystlag. Hallvard kjøpte listerskøyta RUTH i 2023. Den siste eigaren på Flatøy ved Frekhaug, Magnar Svendsen, døydde og fartyet, bygd på Lista i 1908, kom for sal. Skøyta vart forlengd i 1945 til 41 fot. Bruksområde fram til 1977 var fiskeri. Reg.nr var R 17/SA/R- 121 – K.
Framdrifta var lenge Rapp motor i ulike storleikar. No står det ein Ford diesel i fartyet. Hammerø fortel til uskedalen.no at han har drive med oppusssing, mellom anna bytt ut all lakk med tjøra. Han var i Haugesund på Havnadagane med MS RUTH i fjor. Om to veker går turen på nytt til Haugesund.
Det korte opphaldet i Beinavikjo fekk oss til minnast 70 år tilbake i tid med drift på hermetikkfabrikken og med ulike farty i råstoffarten, tilhøyrande Uskedalen. Då var det liv og røre i Beinavikjo. Farty kom og gjekk. I rolegare periodar låg dei til kai eller på svai.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Arkivfoto