Lilly Magrethe(10) og papen laga kul bubil.
No er dei på 3 vekers utanlandsferie i den.
Då halvt uskedeling Ståle Døssland Richardsen, busett i Guddal, skulle ha seg bubil, kjøpte han den ikkje fiks ferdig. Den hendige og kreative nordsjøarbeidaren valde å kjøpa ein Fiat Scudo varebil, 2012 modell. Denne skulle han byggja om og utvikla sjølv. Resultatet er blitt både velutvikla, imponerande og spesielt. I fjor hadde han og dottera første ferie i bilen då dei tura rundt i den i 14 dagar. Dei kosa seg tydelegvis, for i år er dei no lagt ut på ein 3 vekers tur i bubilen. Dei reiser ikkje berre i lag. Det som er spesielt, er at dottera, Lilly Magrethe, som nett er fylt 10 år, har vore serkt delaktig i arbeidet med bilen, og ho har verkeleg sett sitt preg på resultatet.



Lilly Magrethe har fått frie tøylar når det gjeld dekorering av bilen. Det er ho som har styrt med maling og med lyssetjing med lyslenkjer. Veggene er dekorert med motiv i sterke fargar, og midt på eine veggen heng bilde av det kjære kongeparet vårt. Ho har også hatt ansvar for systemet i kassane under sengeplassane i varerommet, og i hyllene. Ho har vore sterkt delaktig i innkjøpet før turen. Årets turtema er pokemon.
Bilen er lett gjenkjenneleg der den kjem rullande med bilde av Lilly Magrethe svevande etter ein ballong foliert på sideveggen.
Bilen har alt utstyr som trengs til matlaging. Det er stort fortelt i tillegg til at dei har taktelt så dei har rikeleg med plass. To syklar har dei på sykkelstativet så det blir ein del sykkelturar.
Ferda starta torsdag, fredag var dei framme i Billund der eit par dagar i Legoland stod på programmet. Fredagskvelden slappa dei av med fredagstaco og film.
Vidare frå Danmark er turen planlagt til Tyskland, Polen og Sverige. Ferda vil nok by på mange spennande opplevingar. Kva dette blir, kan vi følgja både på facebook og på instagramkontoen #lillymagrethepatur2026.


Og medan desse to kosar seg på tur, må den flinke mammo, Camilla, vera på jobb. Delt ferie er nok kjent for mange barneforeldre.
Tekst og nett: Thor Inge Døaaland (stolt onkel)
Foto: Privat