Likar du å leike med dokker ? På søndag (22.9.) frå klokka 12 og utover, kan du kome opp i dalen – til det koselege grendahuset Vonheim, om du også har lyst til å leike med dokker. I Vonheim kan du lage til ein liten leikekrok, og visst du vil – så kan du ta med dokka på ein liten trilletur bort i parken rundt skulemuseet. Litt saft og kjeks, kan du også få med deg dit – eller kose deg med inne i Vonheim.

Her er mykje dokkekle for dei som vil låna.


Vi har massevis med dokker og dokkeklede, fleire små vogner, senger og vogge, m.m. Men om du vil ha med di eiga dokke, og evt dokkevogn – så er det også koseleg. Dei vaksne som kjem i følgje med barna, vil få servert kaffi og bitet i.


Pling meg gjerne, eller send ein sms – om du ønske å koma. Eller kom spontant.


Velkomen !

Helsing
Møyfrid Kristoffersen
for Styret i Vonheim
Tlf 90606517

Tekst/foto: Møyfrid Kristoffersen
Nett: Kristian Bringedal