Uskedal skule markerer Samfolket sin nasjonaldag i heile tre dagar i denne veka. I dag var 15 postar med spørsmål plasserte ut i skuleløypa. Elevane frå alle klassane gjekk i grupper og prøvde å finna svar. Elevar frå 7. klasse laga Bidos som er samisk suppe med reinsdyrkjøt, poteter og gulerot. I klassen er det også elevar med samisk bakgrunn og slekt. Dagen starta med faktadel der alle fekk innføring og kunnskap om samisk historie og kultur. Det kom godt med for spørsmåla på postane var ikkje av dei enklaste.

Ingvild Tvilde og Jenny Matilda Simensen Haugland var tidleg oppe i dag for potetskrelling og klargjering av Bidos.

Samedagen vert markert dag for dag slik:

I blanda grupper fann elevane svar på spørsmåla, fordelte på heile 15 postar.
  • Dag 1: Faktadel med spørsmål i Skuleløypa. Bios til alle.
  • Dag 2: Aktivitetar med dans, teater, lavvo og mykje meir
  • Dag 3: Meir aktivitetar
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal