Gunnar Haugland på Rubbestadneset er ein av mange utflytta uskedelingar som les uskedalen.no mest kvar dag. Dermed held han kontakten med heimbygda. Gunnar Haugland frå Klammeren er blind og brukar leseprogrammet Super Nova. Han finn uskedalen.no på datamaskinen, vel overskrift og ei stemme les teksten. Opplesinga kan vera noko hakkete, men ikkje verre enn at han skjønar innhaldet. Dette var noko av det ei venegruppe med Bjørgulv Eik, Harald Hjønnevåg og Kristian Bringedal fekk sjå og oppleva då dei gjesta Gunnar i denne veka.

Gunnar Haugland fortel og syner Harald Hjønnevåg (t.v) og Bjørgulv Eik (t.h) korleis han brukar leseprogrammet Super Nova.

Gunnar Haugland (f.1937) bur åleine i huset sitt på Rubbestadneset. Kona døydde for fleire år sidan. Etter ei tur til sjøs tidleg på 1950 talet, utdanning og melitæret slo han seg ned på Bømlo og hadde arbeidet sitt på Wichmann Motorfrabrikk. Han fekk famile, bygde hus med innflytting i 1970 og hadde ei god til på jobben med ansvaret for montering av dei kjende motorane hos Haldorsen på Rubben.

Jula 1979 merka han at noko var gale med synet. Det var ein augesjukdom som ikkje let seg lækja. Han stod likevel i arbeidet fram til på slutten av 1980 talet, då Wickmann fekk problem og dei finske Wartsila overtok. Gunnar har førarhund, den fjerde i rekkja. Nett no er hunden på kennel, men kjem på plass att innan kort tid. Gunnar har snikkarverkstad i hagen. Her dreiar han og lagar ulike treprodukt, mellom anna krakkar og ølbollar. Dessutan kløyver han ved til eige bruk.

I godt lag med lunsj på Rubbestadneset. F.v: Gunnar Haugland, Kristian Bringedal, Harald Hjønnevåg og Bjørgulv Eik

Gunnar Haugland har eit godt minne. Han fortel levande frå mange hendingar i Uskedalen og på Haugland i oppveksten og fram til han flytta frå bygda. På turen til sjøs med MS MOLDANGER reiste han med Ola Nerhus, Olav Hauge og Harry Kristiansen, alle frå Uskedalen. Mora, Maren, døydde brått og han mønstra av og reiste heim.

Gunnar kjem kvart år ein tur til Uskedalen og Klammeren. Han har slekt og gode vener i Kvinnherad. No ser han fram til fridomsdagen 8. mai. Då kjem han til Uskedalen for å vera med på avduking av ei minneplate på minnesteinen på Stemneplassen, over onkel hans, Torger Olsen Feet, som omkom i skipsforlis i 1943.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal