Lensmannen blir politistasjonssjef.
Lensmann Sigurd Børve frå Uskedalen blir politistasjonssjef. Endringa har sin bakgrunn i Stortingsvedtak frå våren 2019 om at offentlege stillingar skulle verta kjønnsnøytrale. Endringa inneber i praksis at alle titlar som inneheld – mann skal ut. Dermed er tittelen lensmann, som har ein 900 år gamal tradisjon, historie.
Den fyrste kvinnlege lensmannen kom i Ballangen i 1989. Namnet hennar var Anne Katrine Rambøll. Seinare har mange kvinner hatt desse posisjonane. Mannstitlane kan forsvarast reint språkleg. Historisk har ordet “mann” også hatt tydinga “menneske” i norsk.
Dersom vi legg likestilling og kjønnsnøytrale titlar til grunn, er tida inne for ei endring. Då vert riksmeklingsmannen til riksmeklar. Sysselmann vert til sysselmeister. Fylkesmannen vert til statsforvaltar og i Kvinnherad er rådmannen vorten til kommunedirektør.
Slike språklege endringar fører ofte til ordskifte og motstanden har til tider vore stor. Mange hevdar at tittelen politistasjonssjef er preglaus og lite vellukka. Med i vurderinga var om ein skulle bruka kjønnsdelte titlar som lenskvinne og lensmann. Ein annan aktuell tittel var Politiavdelingsleiar.
No vert det slik at Sigurd Børve heretter må kalla seg Politistasjonssjef på politidistriktsstasjonen på Husnes. Enkelt skal det ikkje vera.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Pressefoto