Av fleire utleigeobjekt i Uskedalen finn vi Hagetunet 5. Leilegheten på eit plan er særleg tilrettelagt for godt vaksne personar eller pensjonistar. Husværet er lettstelt med stove, kjøkken, stort bad med ekstra skyvedør til det største soverommet. På badet finn du høgt toalett med armlene. Det er tre soverom, bod og loft og dermed god lagringsplass. Leiligheten er 100m2. Det er garasje og opparbeidd og fint uteomrdåe. Hagetunet 5 ligg i sentrum og det er såleis kort veg til mellom anna butikkar, kulturhus, båthamn og andre sentrumsfunksjonar. Det er viktig å ta med at leilegheten er oppkobla med døgnbemanna brannalarm. Internett frå Kvinnherd breiband er ein del av utleigepakken. Det er montert vedovn i leilegheten. Hagtunet 5 er perfekt for dei som ynskjer å bu sentralt med gangavstand til viktige servicefunksjonar. Interesserte kan ta kontakt med Trond Lekva Myklebust på mobil: 92665599.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat