Legg ned Dønhaug Gardsbarnehage. Plass for borna i Uskedal barnehage.
I 2007 opna Helene Huse Bjørnebøle saman med mannen, Erlend, Dønhaug Gardsbarnehage på bruk nr. 1 på Dønhaug. Mykje arbeid med nytt bygg etter riving av det gamle våningshuset var ein del av førebuinga før barnehagen var klar til oppstart for nesten 18 år sidan. uskedalen.no har ved fleire høve skrive om den gode drifta i Dønhaug Gardsbarnehage, ofte med bakgrunn i dei gode resultata frå nasjonale foreldreundersøkingar. Barnehagen driv ut skuleåret. Då er det slutt.
Til Kvinnheringen fortel Helene Huse Bjørnebøle at det er personlege val som ligg bak avgjerda om å innstilla drifta. Det har rett nok vore mange tøffe tak både med økonomien og for å takla endringar med nye reglement og krav til å driva ei lita bedrift.
Dønhaug Gardsbarnehage har på mange måtar vore eit alternativ til kommunal barnehage. Med dyr på garden har borna vore med i den årlege syklusen med lamming, dyrestell, slakting og matlaging. Natur og kultur har alltid vore ein viktig del av kvardagen i barnehage,
Det vert arbeidd med å finna ein god og trygg overgang til den kommunale barnehagen i bygda.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto