Hans Reidar Kjærland gjer eit større arbeid med kanalisering og dyrking på Kjærland. Det er eit arbeid som var omsøkt og skulle vore gjort for mange år sidan, den tida det vart dyrka i Myro. No er entreprenør Hjelmeland på plassen og det er lagt knappe 200 meter bekk i røyr. I tillegg er det dyrka 5 dekar øvst oppe på område.

Magne Hjelmeland er entreprenøren og gjer jobben på Kjærland.

Eit større stein vert skoten bort. Det kan vera ei flyttblokk eller noko som har kome ned med skreder gjennom fleire hundre år. Steinblokka ligg grunt. 192 meter med 50 cm røyr er lagt på plass. Ein bulgarsk trailer kom med røyr frå Farstad i Sverige, 100 km aust for Gøteborg.

Det har vore lagt betongrøyr på deler av traseen før. No er alt bytt ut med ny røyr. Planeringsarbeidet gjer at arealet vert mykje enklare å hausta.

Ein fullasta bulgarsk trailer kom med knappe 200 meter røyr frå Sverige.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat