Tre menn har i dag brukt laurdagen på reinhald og høgsspyling ved Gapahuken på Skårhaug. Etter mange år med sur nedbør og tilgroing var platningen glatt og mest farleg å bruka. No er uteplassen reingjort. Det skal koma nye benker og alt før jul vert det montert julelys. Gapahuken på Skårhaug ligg på Uskedal Friluftslag sitt areal. Styret i samarbeid med barnehagen og skulen har ansvaret for tilsyn og vedlikehald. Bilete syner Audun Eik og Ove Magne Myhre i godt driv med reinhald.

Det var Knut Johannes Ripel som var primus motor for å få bygd gapahuken. for meir enn 10 år sidan. Saman med gode medhjelparar vart det lagt ned eit stort arbeid. Sjølve gapahuken er i god stand og kan brukast av alle i bygda. Primærgruppa er likevel barnehagen og skulen. Difor skal alltid plassen stå fram slik vi vil ar borna skal møta den.

Takk til naboen Siren Simonnes for tilgang til straum og vatn.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal