Bussjåføren Lars Wang er kåra til Årets namn i Kvinnherad. I forslagsbrevet kjem det fram at elevane på skulebussane ynskjer å nominera den beste bussjåføren i Kvinnherad, alltid like blid, imøtekoamnde og hyggeleg. Han er også engasjert i Veteranbusslaget. Lars Wang frå Uskedalen bur i Neslia i Rosendal. Bortsett frå ei kort tid som bussjåfør i Oslo har han ei samanhengande tenestetid i HSD, seinare TIDE, like frå 1978. I eit lengre intervju i Grenda kjem vi tett på Lars Wang, der vi og vert betre kjend med den hjelpande bussjåføren.

Lars Wang i ein av veteranbussane på vegen med brudlaupsgjester.

Lars er lokalhistorisk interessert, medlem i Uskedal historielag og hjelper med fotografi og viktig informasjon. Musikkinterssa ligg til familien Wang. Han har musikkerfaring både frå Uskedal skulemusikk og Uskedal musikklag. I dag spelar ha litt klarinett og saksofon på hobbybasis. Uskedalen.no helsar jubilanten. Kollega med Lars Wang, Tormod Myklebust, også frå Uskedalen, var i den innleiande runden med som aktuell kandidat til kåringa av Årets namn.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Morten Nygård - Grenda / Kristian Bringedal